Saman tek vi vare på ressursane

 

Lever sortert plastemballasje til oss - det er ikkje bortkasta!

Vi brukar og kastar i høgt tempo, og mykje av det vi kjøper er pakka inn i plastemballasje.

Å lage plast krev store mengder olje og gass, og ved å gjenvinne plasten som allereie er produsert, hindrar vi unødvendige klimautslepp og bruk av begrensa ressursar.

Forsøk har vist at plastemballasjen kan gjenvinnast 10 gongar og framleis halde god kvalitet. Difor er det viktig at vi ikkje kastar den i restavfallet etter berre ein gongs bruk.

Kjeldesortering er overraskande lett, og ved å kjeldesortere plastemballasjen kan du redusere restavfallet med opp til 40 %.

Ta vår quiz som du finn nederst på sida; klikk her for å hoppe til quiz!



Kva skal du sortere som plastemballasje?

I ordninga med utsortering av plastemballasje, er det kun emballasjen, altså vara si orginalinnpakning, som skal leverast inn. Andre produkt av plast er ikkje omfatta av ordninga, og skal ikkje leverast som plastemballasje.

emballasje_og_gjenvinning-03

Dette går i sekken:

Plastfolie

Plastbeger

Plastflasker utan pant

Blomsterpotter i plast

Sjampoflasker

Potetgullposar

...og mykje meir!

emballasje_og_gjenvinning-01

Dette går ikkje i sekken:

Plastleiker

Plastslangar

Plastbøtter -og kar

Kjøkenreiskap

Oljekanner- og flasker

Emballasje brukt til brannfarleg og giftig avfall

...alt som ikkje er emballasje

Isopor

EPS/Isopor

Kan leverast i plastretursekken, men ikkje samanblanda med plastemballasje. La isoporen få sin eigen sekk.

Slik sorterer du

skyll

Skyl

Det meste av emballasjen er rein når den er tom. Skiten plastemballasje skyl du i kaldt vatn og gir eit sveip med oppvaskbørsten ved behov. Treng du såpe og varmt vatn, gjer emballasjen betre nytte i restavfallet.

Tørk

Tørk

Tørk plastemballasjen så godt som råd. Det er ofte tilstrekkeleg å leggje emballasjen til tørk på oppvaskbenken.

Oppbevar

Oppbevar

Samle tørr og rein plastemballasje i den blanke plastsekken du får frå oss (du kan gjerne spare og levere fleire sekkar ved henting).

Lever

Lever

Knyt dobbel knute på sekken og set ut ved henting. Legg sekken i papirdunken eller plasser den mellom dunkane. Du kan også nytte produktet "Lett på kroken" og hekte sekken på kroken.

Kva bør eg gjere når eg vil sette ut plastsekken min til henting?

plastsekk mellom dunkar

JA

Sett dunkane med handtaket ut mot vegen der det er mogleg. Press gjerne plastemballasjesekken mellom dunkane for å sikre mot vêr og vind.

Sekk i papirdunk

JA

Plasser gjerne plastemballasjesekken i papirdunken. Hugs å knyte sekken godt!

plastsekk knytt fast i dunk

NEI

Ikkje knyt plastemballasjesekken fast i dunken.


Sekk for plastemballasje

Kvifor må du bruke dei blanke sekkane?

1. Renovatøren ser kva som er i sekken slik at ikkje forureina plast og anna type avfall kjem med.

2. Sekkane er perforerte med små hol slik at ikkje sekken med plastemballasje sprekk i komprimatorbilen. Då blir ikkje plastemballasjen blanda med papir og papp som blir samla inn i same bil.

Er du tom for sekkar?

Du kan levere så mange plastretursekkar du ønskjer! Treng du fleire sekkar til plastemballasje, kan du hente ny rull på ein av våre miljøstasjonar. Du kan også bestille og få utdelt på neste tømedag. Sjå her for bestillingsskjema.

Dette gjer vi med plastemballasjen

Sorterer plastemballasje frå papir

Sorterer plastemballasje frå papir

Etter endt rute, blir plastemballasje sortert ut frå papp og papir på miljøstasjonen i Saunesmarka. Det er difor viktig at du nyttar dei blanke sekkane og knyt dei godt igjen med dobbel knute.

Pressar plastemballasje i buntar før frakt

Pressar plastemballasje i buntar før frakt

Plastemballasjen blir frakta til Norsk Gjenvinning i Ålesund. Her blir plasten pressa i buntar slik ein skal få mest mogleg plastemballasje på ei last.

Frakt med returtransport eller tog

Frakt med returtransport eller tog

Det er Grønt Punkt Norge som har ansvaret for returordninga, og dei nyttar Bring Logistics AS for transport av plastemballasjen. Dei er spesielt gode på å utnytte transportubalansen; det betyr at dei bruker returtransport, men prioriterer også tog framfor bil der dette er hensiktsmessig.

Sorterer plast i ulike kvalitetar og omsmeltar

Sorterer plast i ulike kvalitetar og omsmeltar

Plastemballasjen blir frakta til store sorteringsanlegg i Nord-Tyskland. Her blir plasten sortert i 5-7 ulike kvalitetar, kverna i mindre bitar, vaska, tørka og omsmelta til granulat som ein kan lage nye produkt av. Ca 80% av plastemballasjen som blir samla inn blir til nye produkt.

Dobbel effekt

Sparar miljø trass lang reiseveg

Trass i lang reiseveg for plastemballasjen, viser den totale klimarekneskapen at vi sparer 2 kg råolje og reduserer klimautslepp med om lag 2,7 kilo CO2-ekvivalentar per kilo plastemballasje som blir gjenvunne.


...og kva kan det gjenvinnast til?

Rør

Rør

Kleshengar

Kleshengar

Fleecegenser

Genser
nei-vi-brenn-ikkje-sortert-plast

Nei, vi brenn ikkje sortert plast

Nokon trur framleis at plasten som blir samla inn vert brent saman med restavfallet. Det stemmer sjølvsagt ikkje! All plastemballasje som blir samla inn av SSR blir gjenvunne gjennom Grønt Punkt Norge si returordning for plastemballasje.

Vi sunnmøringar er rå på å spare!

Difor trur vi også vi har meir å gå på når det gjeld kjeldesortering av plastemballasje.

I snitt forbruker kvar enkelt av oss 15 kilo plastemballasje per år. SSR-kunden kjeldesorterer i dag 7,5 kilo plastemballasje, men framleis er det 7,5 kilo verdifulle ressursar som ikkje vert nytta optimalt. Til samanlikning samla dei inn heile 8,9 kilo plastemballasje i ørsta og Volda i 2016. Vi kan bli minst like gode, og set oss eit mål om 9 kilo i 2017.

Er du klar for ein ekstra innsats? 

Vi har ei målsetjing om å auke kjeldesortert plastavfall per innbyggar frå 7,5 kilo i 2016 til 9 kilo i 2017! Klarer vi det?

Når du sorterer sparer både du og miljøet på det!

Mindre restavfall

Mindre restavfall

Restavfallet ditt blir redusert med opp til 40 % ved utsortering av plastemballasje.

Dobbel effekt

Dobbel effekt

Ved å gjenvinne 1 kg plast sparer vi 2 kg olje og reduserer klimautslepp med om lag 2,7 kg CO2-ekvivalentar.

80% gjenvinning

80 % gjenvinning

80 % av den innsamla plastemballasjen blir gjenvunne til nye produkt. Resten er etikettar, samansette plastkvalitetar som ikkje kan gjenvinnast og ureinheiter. 

lang levetid

Lang levetid

Plast kan gjenvinnast 10 gongar og ha like god kvalitet.

Quiz - plastemballasje

Bli  med på quizen om plastemballasje og du kan vinne fine premiar. Alle som deltek og svarer rett, får tilsendt premie. Du kan velje mellom ein praktisk festekrok for plastemballasjesekken "Lett på kroken" eller eit miljøvenleg og praktisk handlenett i tøy. Lukke til!

Ved å kjeldesortere plastemballasjen, kan du redusere restavfallet med opp til:

Vel eit svar under

Kor mange kilo plastemballasje vart samla inn per person i 2016 i Herøy, Sande, Hareid og Ulstein?

Vel eit svar under

Kva er ikkje plastemballasje?

Vel eit svar under

Kor mange gongar kan plastemballasje gjenvinnast og ha like god kvalitet?

Vel eit svar under

Kor mange plastsekkar med plastemballasje kan du sette ut på hentedag?

Vel eit svar under
Om eg har svara rett på quizen, ønskjer eg at de sender meg:
Lett på kroken

"Lett på kroken"

Festekrok for plastemballasjesekken.

Kroken er også til sals på våre miljøstasjonar for kr 20,-

totebag

Miljøvenleg handlenett i tøy

Bytt ut plastposen med eit handlenett som du kan bruke om og om igjen.

Nettet fungerer også kjempefint som veske!