Vi samlar inn fire typar avfall:
Du kan lese meir om dei ulike avfallstypane her.
Sjå her for soner og hentedagar.
Hugs å sette fram dunken innan kl 07.30 på hentedag. Sekken for plastemballasje må knytast godt igjen. Det er ditt ansvar å sikre dunken slik at avfallet ikkje kjem på avveie. Treng du fleire sekkar til plastemballasje, finn du ut korleis du skal gå fram her. Treng du ekstrasekkar for restavfall, finn du meir informasjon om det her.
Når vi kjeldesorterer tek vi vare på ressursane i avfallet! Smarte løysningar for å kome i gong med kjeldesortering på ditt eige kjøken finn du her.
Ønskjer du ei påminning om avfallstøming kvelden før hentedagen din?
Meld deg på vår SMS- teneste:
send SORTERE <sonenummer> til 1963 (kr 2,-. pr. melding)
Ved å melde deg på tenesta seier du ja til å motta SMS frå oss med anna viktig informasjon (kr 0,-).
Ønskjer du å melde deg ut av tenesta:
Send SORTERE STOPP til 1963
Min Renovasjon er ein app laga for smarttelefonar. Appen viser tømekalender, sorteringstips, returpunkt og miljøstasjonane. Ein kan også legge inn varsling for å få ei påminning dagen før slik at ein hugsar å sette ut dunken.
Appen er laga av Norkart, og inneheld fleire kommunar i Noreg, blant anna dei fire kommunene til SSR IKS, Hareid, Herøy, Sande og Ulsteinvik.
Bruksanvisning finn du her.
Appen er gratis, og for å laste ned appen, gå til Google Play (Android) eller App Store (iPhone, iPad) ved å trykke på desse knappane under:
Sett dunkane med handtaket ut mot vegen der det er mogleg. Press gjerne plastemballasjesekken mellom dunkane for å sikre mot vêr og vind.
Plasser gjerne plastemballasjesekken i papirdunken. Hugs å knyte sekken godt!
Ikkje knyt plasemballasjesekken fast i dunken.