Havet og kysten vert stadig tilført meir og meir avfall skapt av menneske. Gjenstandar av plast, gummi og andre lite nedbrytbare material kan bli verande i miljøet i hundrevis av år og skade dyr og menneske.
Mykje av avfallet kjem frå land, medan store menger også kjem frå fiskeflåten som for eksempel tapte fiskegarn og tau. Avfall i sjøen driv med straumane og kan flytte på seg frå land til land.
Sjølv om vi har lite kunnskap om nøyaktig kor mykje avfall som befinn seg i norske havområde, herskar det ingen tvil om at marin forsøpling er eit omfattande miljøproblem både i Noreg og over heile verda. Material som har svært lang nedbrytingstid, som isopor og plast, utgjer eit spesielt problem.
Det er anslått at 15 prosent av det marine avfallet flyt på havet, 15 prosent ligg i strandsona og at heile 70 prosent synk og blir liggande på havbotnen der det kan bli liggande i hundrevis av år.
Eit stort antal fuglar, fisk og dyr, døyr kvart år som følge av skader frå marint avfall. Dei kan for eksempel få i seg avfallet fordi dei trur det er mat. Slikt avfall har ingen næringsverdi og kan føre til kvelning, gi problem med fordøyelsen, indre skadar og føre til forgifting.
Marin forsøpling fører også til store skadar som er vanskeleg å sjå. Per i dag er det tildømes meir mikroplast i havet enn det er plankton. Mikroplast er ørsmå plast-partiklar som er nedbrotne frå større ting. Plankton et mikroplast, fisk et plankton og menneske et fisk. Menneske får difor også i seg plast gjennom maten vi et.