Saman tek vi vare på ressursane

S-boks

6. juli 2017 av Søre Sunnmøre Reinhaldsverk

Vi har fått ei S-boks (sikker levering-boks) kvar på våre miljøstasjonar i Saunesmarka og Mjølstadneset.
Dette er ei ordning levert av Norsirk, og gir tryggare oppbevaring av avhenda bærbare pc-ar, mobiltelefonar og nettbrett som kan innehalde personlege data. Dunken er låst og ein leverer det som inneheld data du ikkje vil skal kome andre i hende gjennom ei opning i loket. Berre dei tilsette hjå Norsirk har nøkkel, so ver heilt sikker når du leverer på at du ikkje leverer noko du må ha tilbake!