Saman tek vi vare på ressursane

Ny henteordning vedtatt i Representantskapet

27. oktober 2017 av Linn Urke Osnes

Ny ordning

Ei ny henteordning vart i dag 27.10.2017 einstemmig vedtatt av representantskapet i SSR (politiske representantar frå dei fire eigarkommunane). Den nye ordninga blir innført i nokre område i slutten av 2018, og vil vere fullt implementert sommaren 2019.

Den nye henteordninga består av henting av matavfall/våtorganisk avfall 2. gongar per månad, restavfall ein gong per månad, og papp, papir og plast ein gong per månad (sjå illustrasjon). I matavfall/våtorganisk avfall kan du kaste alle typar matavfall, tørkepapir, bleier, teposar, kaffifilter og kaffigrut. Alle detaljar rundt henteordninga er ikkje klare, og det kjem informasjon om den nye ordninga i fleire omgongar før den skal innførast.

Endringar er alltid ei utfordring, men vi trur og håper at dette blir ei god ordning for kundane våre. Vi tek gjerne imot innspel til korleis du trur den nye ordninga blir og kva som er viktig for SSR å tenkje på under innføringa av den.