Saman tek vi vare på ressursane

Møre Folkehøgskule rydda Mulevika

26. mars 2018 av Linn Urke Osnes

Tre av klassane på Møre Folkehøgskule brukte laurdagen på å rydde i Mulevika. Dette var eit nytt, og fasinerande landskap for dei 40 ungdomane. Havbåra, rullesteinsfjæra, fjella og dei beitande sauane,- ei av perlene på kysten vår!

Men mellom steinane glitra det i plast, isopor, taustompar og anna søppel. Eit halvt kjøleskap og restane av ein havarert plastbåt dukka og opp.

Etter nokre timar var SSR- konteinaren full. Det vart vegd inn 660 kg søppel. 

Knut frå Naturvernforbundet og 40 elevar frå Møre Folkehøgskule takkar SSR for godt samarbeid, og ryddar gjerne ei strand neste vår også!

-Knut Olav Festø-

 

Rydding av Mulevika