Saman tek vi vare på ressursane

Slik sparer du pengar når du pussar opp

13. juni 2019 av Andrea Øien Sæverud

Oppussingsplanar? Tenker du sortering frå starten av, kan du spare både pengar og miljøet.

I ein oppussingsfase blir det lett kaos. Plutseleg er heimen din full av store mengder papp- og plastemballasje, malingsspann, gamle, øydelagde elektriske apparat, og nedrive material. Fellesnemnaren er at du helst vil bli kvitt alt saman så raskt som mogleg. 

Sortering gir gevinst

Dersom du frå første dag tenker på å sortere avfallet som oppstår i ein oppussingsprosess, gjer du lommeboka di ei teneste. Ein del av avfallet leverer du nemleg utan å betale, så lenge det er utsortert før du kjem til miljøstasjonen.

Dersom du kjem med alt samanblanda, må du og vi bruke mykje tid på å få sortert ut dei tinga som ikkje kan kastast som grovavfall. Enkelte materialar kan vere tilgrisa eller vanskelege å få sortert ut, og då må gjerne meir enn nødvendig kastast som grovavfall. Det betaler du kilopris for - og dermed må du truleg betale meir enn dersom du hadde tenkt sortering frå starten av. Ressursar som kunne ha blitt brukt om igjen, går også tapt.

Hugs gjennomsiktige sekkar

Kjem du derimot til miljøstasjonen med ein hengar eller gjennomsiktige sekkar der til dømes metall, elektriske apparat, leidningar, papp, plastemballasje, rein isopor, maling, lim og lakk, løysemiddel og fugemasse er mogleg å levere kvar for seg, får du som privatperson levere alle dei nemnde tinga gratis.

Farleg avfall kan ein levere inntil 1000 kg vederlagsfritt i året, les meir om kva som blir rekna som farleg avfall her. Asbest og eternitt skal pakkast og leverast på ein spesiell måte, les meir om dette her.

Lag eit enkelt system

Sjå lista under for å finne ut korleis det kan vere lurt å sortere midt i oppussingskaoset. Gjerne skriv ut bildet og heng opp på ein lur plass der du pussar opp. Her finn du elles ei lenke til prisane på miljøstasjonen. 

Takk for at du ved å sortere er med på å gjere avfallet ditt om til ei råvare. Lykke til! 

Huskeliste