Saman tek vi vare på ressursane

Villy vann med fløyte og mjølk

26. mai 2020 av Andrea Øien Sæverud

Ein god vane og ein lett tilgjengeleg tusj, gav Villy Haram frå Hareid gevinst i Returkartonglotteriet.

Då Villy Haram blei pensjonist, starta han med noko som skulle vise seg å gi ei rimeleg grei timebetaling. 

- Vi har bretta kartongar her i heimen i alle dei år, men ikkje alltid skrive på namn og nummer. Men då eg kom heim frå sjøen for godt, starta eg med det. Tusjen ligg no der, så då er det berre å skrive på. Det er ingen heksekunst, seier han og flirer godt.

Kubben med mjølke- og fløytekartongar som han la i papirdunken for nokre veker sidan er trekt ut som ein av fleire vinnarar i årets andre trekking i Returkartonglotteriet. Takka vere at Villy skreiv på namn og nummer, er han no 10.000 kroner rikare.

Diesel eller kona

Det går an å vinne både på heile kubbar og enkeltkartongar, men for å ha sjans på storpremiane på 100.000 må ein delta med ein heil kubbe. Tidlegare i år vann Hanne frå Fosnavåg 10.000 kroner på ein enkeltkartong.

Ved kjøkenbenken på Hareid står allereie neste kartong til tørk, klar til bretting. Villy er usikker på kva gevinsten skal brukast til, men ser føre seg at den kjem godt med i dieselbudsjettet til båten i sommar. 

- Han må hugse å dele med meg då, seier kona Åse Margrethe lattermildt i bakgrunnen.  

Stor vinnarsjanse

Dei siste åra har det vore ein nedgang i kor mange som deltek i Returkartonglotteriet i området vårt, fortel Andrea Øien Sæverud som er kommunikasjonsansvarleg i SSR.

- Når vi skal leite etter kartongar og kubbar i papirhaugen vår, må vi ofte leite lenge for å finne ein med namn og telefonnummer, fortel ho.

Vinnarsjansane er altså ganske store, dersom ein gjer ein liten innsats for å forvandle kartongane om til eit lodd. I fjor hadde vi to 10.000-kroners-vinnarar i SSR-området, ein mjølkedrikkande moltufamilie og ein heldig herøyværing

Kvar år trekker Grønt Punkt ut 124 vinnarar over heile landet som deler ein pott på 1,6 millionar kroner. Å levere ein kartongkubbe med seks kartongar stappa inn i ein sjuande, kan i beste fall gi ein gevinst på 100.000 kroner. Ein tilleggsgevinst til alle som deltek, er at det blir betre plass i papirdunken.

Miljøet trekk lengste strået

Å gjenvinne brukte kartongar, krev langt mindre energi enn å produsere papir frå nytt trevirke. Miljøet står derfor igjen som den verkelege vinnaren når folk leverer kartongane til resirkulering.

- Drikkekartongar er laga av såkalla jomfruelege fiber, som vil seie at det er første gongen materialet er i bruk. Når desse blir resirkulerte, har fibra i ein innlevert drikkekartong i alle fall sju nye liv framføre seg, til dømes som pizzaøskjer, fortel Sæverud.

Fire gongar i året blir det trekt nye vinnarar i Returkartonglotteriet. Er du gira på å delta? Sjå oppskrifta under:

1012

Dette er Returkartonglotteriet:

  • Alle kan delta og vinne i lotteriet, både privatpersonar, bedrifter, organisasjonar, skular, barnehagar, idrettslag og liknande.

  • Kvart år blir det delt ut premiar for til saman 1,6 millionar kroner frå Grønt Punkt, som står bak lotteriet. Dette er fordelt på 120 premiar på 10.000 kroner og fire premiar på 100.000 kroner.

  • Enkeltkartongar kan vere med i trekkinga om 10.000 kroner.

  • Alle typar drikkekartong kan delta, ikkje berre mjølkekartongar.

  • For å vinne 100.000 kroner må eit lodd bestå av minst seks tomme og skylte drikkekartongar som blir bretta ned i den sjuande drikkekartongen. Dette utgjer ein kubbe. For skulemjølkkartongar gjeld fire tomme kartongar i den femte.

  • Deltakaren skriv namn og telefonnummer på den dei vil skal vinne på kartongen, og legg denne i den papirdunken. Ein kubbe utgjer eitt lodd.