Saman tek vi vare på ressursane

Bli med på haustrydding!

3. juli 2020 av Andrea Øien Sæverud

I haust tek vi igjen det tapte på strandryddefronten. Er du med?

På grunn av koronaviruset, blei det arrangert svært få ryddeaksjonar i området vårt første halvår av 2020. No håpar vi at mange vil gjere ein innsats for å rydde opp avfall som har kome på avvege i vinter, vår og sommar.

Hold Norge Rent inviterer til nasjonal ryddedugnad 5. - 20. september, som ei erstatning for strandryddeveka som skulle gått av stabelen i vår. Då blir det ulike temadagar som ein kan hekte aksjonen sin på, les meir her. 

strandryddTilrettelegging året rundt

Vi i SSR har valt å legge til rette for ryddeaksjonar gjennom heile året, uavhengig av den nasjonale mobiliseringa under strandryddeveka. Du kan alltid hente deg gratis ryddesekkar og ryddehanskar på miljøstasjonane våre. Avfall frå ryddeaksjonar leverer du alltid kostnadsfritt.

Planlegg du ein større aksjon og ønskjer at vi stiller med ein konteinar på staden? Ta kontakt med andrea@reinhaldsverket i god tid før ryddedagen. 

I samband med at TV-aksjonen 2020 går til WWF og kampen mot marin forsøpling, vil vi rette merksemda ekstra mot strandrydding både i september og oktober. Følg med både her på reinhaldsverket.no og Facebook-sida vår

Haustrydding kan vere betre uansett

Korona eller ei, det finst likevel mange gode grunnar til å rydde om hausten. Fleire har allereie teke til orde for at Strandryddeveka burde leggast til denne tida på året permanent. Dette er nokre av argumenta frå Hold Norge Rent:

strandrydd31. Hekkande fugl

Strandryddeveka går til vanleg føre seg midt i hekkeperioden. Det er derfor ein risiko for å forstyrre hekkande fugl mange stader. Det er derfor særleg bra for hekkande fugl å flytte ryddesesongen til hausten.

2. Rydding før vinteren kjem

Sommaren er dessverre høgsesong for forsøpling, og det er viktig å få rydda så mykje som mogleg før vinteren kjem. Avfall som blir liggande blir brote ned til mindre bitar og kan føre til blant anna mikroplast, som då blir vanskelegare å rydde når våren kjem.

3. Vêret

I dei nordlegaste fylka er det vanskeleg å gjennomføre Strandryddeveka om våren på grunn av is og snø.

Sjølv om haustvêret kan vere ustabilt, er det ofte betre ryddevêr om hausten fleire stader i landet, og det gjer at endå fleire kan bidra i dugnaden.

 

Tusen takk for ryddeinnsatsen din, både tidlegare og i framtida.