Saman tek vi vare på ressursane

Kvar kastar du restane frå sommaren?

13. august 2020 av Andrea Øien Sæverud

Slik sorterer du alt frå gamle grillar til flytande einhjørningar:

Kalenderen viser august. Sjølv om vi truleg har mange fine seinsommardagar igjen, har kvardagen starta for dei fleste. Kanskje har du brukt sommaren til å rydde i garasjen? Eller ligg det ein haug med ymse i ei krå som du må ta fatt på ved tid og høve?

Vi skal prøve å gjere det litt lettare for deg. Denne lista viser korleis du sorterer og kastar ein del typiske sommarting. Det beste er sjølvsagt å reparere eller å gi vekk det du ikkje lenger har bruk for. Men håpet om eit nytt liv er likevel ikkje ute for dei tinga du leverer på miljøstasjonen.

Når du sorterer og kastar ting på rett plass, får vi resirkulert og brukt materiala om igjen. Då unngå vi unødvendige utslepp av miljøgifter og CO2. Til det beste for både deg, lommeboka di og jordkloda vår. 

 

Her kjem lista over typisk avfall som kan oppstå  etter sommaren:

  • Grasklippar: Den pensjonerte grasklipparen din får du levere utan ekstra kostnad i metallkonteinaren vår. Berre hugs på ein ting: Grasklipparen må vere tømt for olje og bensin når du kjem med han. Olje og bensin kan du som privatperson levere gratis/inkludert i gebyret som farleg avfall. Merk flasker og kanner med kva dei inneheld. Elektriske grasklipparar kan du levere som EE-avfall. 

          IMG_4878

  • Sykkel: Gamle syklar får du levere gratis i metallkonteinaren vår.

  • Hagestolar: Dersom mesteparten av stolane er i metall, kan du kaste dei metallkonteinaren utan ekstra kostnad. Dersom stolen er laga av plast, er det grovavfall som du betaler kilopris for. 
  • Grill: Ein klassisk kulegrill kan du kaste i metallkonteinaren vår gratis, det same kan du gjere med ein gassgrill av metall.  Eingongsgrillar er restavfall, pass berre på at han er heilt kald slik at du unngår risiko for brann. Elektriske grillar leverer du gratis på miljøstasjonen som EE-avfall.
  • Målingsspann: Alle spann med målingsrestar i, er rekna som farleg avfall. Det same gjeld restar av lakk, lim og sterke vaskemiddel. Kvar husstand kan levere inntil 1000 kg farleg avfall i året gratis/inkludert i gebyret. 
           IMG_2777

 

  • Sprayboksar: Alle typar sprayboksar med gass under trykk i, leverer du som farleg avfall på miljøstasjonen. 
  • Barnevogn: Vogner får du levere på miljøstasjonen som metall kostnadsfritt, så lenge mesteparten er laga av metall. Du treng ikkje ta av hjula.
  • Båt: Visste du at dersom du har ein fritidsbåt under 15 fot som du skal kassere, så kan du få ein pant på 1000,- frå Miljødirektoratet for å levere han inn på ein av miljøstasjonane våre? Les meir om ordninga her.
  • Telt: I restavfallsdunken om du har plass, elles kan du levere det som grovavfall på miljøstasjonen til kilopris. Saml gjerne opp fleire ting før du kjem, for å få mest mogleg valuta for minsteprisen på 65,- kroner. Sorterer du dei ulike typane avfall før du tek turen til miljøstasjonen, går det raskare for deg å gjere deg ferdig i hallen. Samtidig er det billigare for deg å sortere ut dei typane avfall som er inkludert i gebyret, enn om du kastar alt samla i grovavfallet.
  • Flytedyr og basseng: Oppblåsbare flytedyr og basseng er restavfall dersom du har plass i dunken, eller så kan du levere det som grovavfall på miljøstasjonen. Sidan desse tinga ikkje er plastemballasje, skal dei ikkje i plastemballasjesekken. 
           IMG_5094

 

  • Trampoline: Understellet får du levere som metall, inkludert i gebyret. Sjølve "hoppeduken" og sikkerheitsnettet skal i deponi-konteinaren på miljøstasjonen til kilopris. 
  • Vasspistol og andre leiker i plast: Restavfall dersom du har plass i dunken, eller grovavfall til kilopris på miljøstasjonen. Dersom leika går på batteri, får du levere den gratis som EE-avfall på miljøstasjonen. 

  • Skulesekk: Kanskje kjenner du nokon som kan ha bruk for sekken når du er ferdig med han? På lokale kjøp-sal-gi vekk-sider på Facebook eller Finn.no er det mange som kan bli glade for noko du eigentleg hadde tenkt til å kaste. Dersom du ikkje får gitt han vekk, høyrer ein skulesekk heime i restavfallet eller som grovavfall på miljøstasjonen til kilopris. 
  • Kle: Sjølv om ikkje du har bruk for plagget lenger, så kan du kanskje gi dei vekk? Viss ikkje, ha gjerne ein pose hengande på vaskerommet eller i eit skap der du samlar opp kle du ikkje lenger har bruk for. Lever denne i ein av kleskonteinarane i området vårt. Så lenge kleda er reine og tørre. gjer det ikkje noko om det er hol i dei. Tekstilane kan likevel brukast om igjen i andre produkt som matter og liknande. 
  • Øydelagde sko: Er skoa øydelagde eller skitne, høyrer dei heime i restavfallet. Dersom dei har god bruksverdi vidare, kan du enten gi dei vekk til nokon du kjenner, i ei kjøp- og sal-gruppe, eller legge dei i ein pose og kaste i din nærmaste kleskonteinar.
  • Matboks: Dersom matboksen er laga av metall, får du hive han i metallkonteinaren på miljøstasjonane våre gratis. Er boksen av plast, skal han i restavfall. Det er berre emballasje som skal i plastemballasjesekken. 
             bøker
 
  • Bøker: Pocketbøker kan du kaste i papirdunken. Bøker med hard perm er restavfall heime eller grovavfall på miljøstasjonen. Du kan eventuelt rive av permane og kaste desse i restavfallet, medan sjølve arka går i papirdunken. Då får du deg truleg ei styrketreningsøkt på kjøpet. :) 
  • Gassbrennar: Har du ein gassbrennar frå eit stormkjøken eller liknande, kan du levere den som farleg avfall på miljøstasjonen. 
  • Krabberestar: Skal du ha krabbelag med gode venner? Ha klar dei grøne matavfallsposane og kast klør og krabbeskal som matavfall.