Saman tek vi vare på ressursane

Nyhende

Strandrydding heile året!

feb 27, 2017, 15:33 e.m. by Linn Urke Osnes

SSR har gått over til ei løysing der vi tek imot strandryddeavfall gratis på miljøstasjonane våre gjennom heile året. Dette for å motivere til meir strandrydding, og gjere det lettare for innbyggarane å rydde strender når det passar for dei.

For å kunne levere avfall gratis må kunden:

  • Hente skjema og blanke sekkar på ein av SSR sine miljøstasjonar eller på servicetorget i kommunen
  • Levere ryddeavfall i dei tileigna sekkane og levere utfylt skjema ved levering av strandryddeavfall.

Måndag 8. mai kan SSR hente strandryddeavfall på bestilling. Ta kontakt med Linn Urke Osnes på linn@reinhaldsverket.no eller 47386097 seinast torsdag 4. mai for å bestille henting.

Strandryddeavfall skal elles alltid leverast til ein av våre miljøstasjonar. Vi tek ikkje med strandryddeavfall på komprimatorbilane ute på rute då avfallet kan skade bilane.

Strandrydding er eit viktig og nødvendig miljøtiltak, og vi håper mange stiller opp i dugnaden å rydde strender framover.

Foto: Madeleine Petterson