Saman tek vi vare på ressursane

Nyhende

Her er kroken du har sakna

nov 7, 2018, 13:58 e.m. by Andrea Øien Sæverud

Har du nokon gong vore bekymra for at plastsekken skal blåse vekk når du set han ut ved sidan av papirdunken på hentedagen?

Lett på kroken er oppfinninga som gjer at du kan senke skuldrene, sjølv i den verste hauststormen.

Kroken festar du på handtaket til papirdunken. Knyt ein dobbel knute på plastsekken og heng han på kroken. Dobbelknuten hindrar at plasten blandar seg med papiret i renovasjonsbilen.

For å sikre at kroken ikkje dett av under tømming, kan du stripse han fast med stripset som følgjer med. Kroken er forma som ein S med ulik omkrins på kvar side. Han kan derfor brukast på både små og store dunkar.

Lett på kroken kjøper du på miljøstasjonane våre til 20 kroner. 

AC36012D-AE66-485C-BB8D-5308CAA28E05