Saman tek vi vare på ressursane

Nyhende

Herøyværing bretta seg til 10.000 kroner

sep 13, 2019, 13:43 e.m. by Andrea Øien Sæverud

Å ta seg tida til å skrive namn og nummer på mjølkekartongen, gav Torstein frå Herøy god gevinst.

Men at akkurat han skulle vinne i returkartonglotteriet, var ikkje sjølvsagt.

- Eg har skylt, bretta og stappa mjølkekartongane mine i kubbar i fleire år, men utan å skrive noko på dei, fortel Torstein Myrvågnes frå Myrvåg. 

Først den siste tida har han begynt å skrive på namn og nummer. Den ekstra innsatsen skulle vise seg å gi ei grei timebetaling. For etter å ha levert inn 3-4 kubbar med namn og nummer på, kom nemleg telefonen frå SSR.

- Eg tenkte først at det var ein spøk, og måtte dobbeltsjekke nummeret for å vere sikker på at det ikkje var tulleringing, fortel Myrvågnes. 

Kva han skal bruke gevinsten på har han ikkje bestemt seg for, men ein ting er sikkert, han kjem til å halde fram med å skylje, brette og stappe - og ikkje minst: skrive namn og nummer på kubben. 

Stor vinnarsjanse

Dei siste åra har det vore ein nedgang i kor mange som deltek i Returkartonglotteriet, fortel Andrea Øien Sæverud som er kommunikasjonsansvarleg i SSR.

- Når vi skal leite etter kubbar i papirhaugen vår, må vi ofte leite lenge for å finne ein med namn og telefonnummer, fortel ho.

Vinnarsjansane er altså ganske stor, om ein gjer ein liten innsats for å forvandle kartongane om til eit lodd. Det er andre gong i år at SSR kan ringe ein heldig vinnar, i mars stakk nemleg ein mjølkedrikkande moltufamilie også av med gevinst i lotteriet.

Kvar år blir det trekt ut 124 vinnarar over heile landet som deler ein pott på 1,6 millionar kroner. Å levere ein kartongkubbe med seks kartongar stappa inn i ein sjuande, kan i beste fall gi ein gevinst på 100.000 kroner. Ein tilleggsgevinst til alle som deltek, er at det blir betre plass i papirdunken.

Miljøet trekk lengste strået

Å gjenvinne brukte kartongar, krev langt mindre energi enn å produsere papir frå nytt trevirke. Miljøet står derfor igjen som den verkelege vinnaren når folk leverer kartongane til resirkulering.

- Drikkekartongar er laga av såkalla jomfruelege fiber, som vil seie at det er første gongen materialet er i bruk. Når desse blir resirkulerte, har fibra i ein innlevert drikkekartong i alle fall sju nye liv framføre seg, til dømes som pizzaøskjer, fortel Sæverud.

Fire gongar i året blir det trekt nye vinnarar i Returkartonglotteriet. Er du gira på å delta? Sjå oppskrifta under:

1012

Dette er Returkartonglotteriet:

  • Alle kan delta og vinne i lotteriet, både privatpersonar, bedrifter, organisasjonar, skular, barnehagar, idrettslag og liknande.

  • Kvart år blir det delt ut premiar for til saman 1,6 millionar kroner. Dette er fordelt på 120 premiar på 10.000 kroner og fire premiar på 100.000 kroner.

  • Enkeltkartongar kan vere med i trekkinga om 10.000 kroner.

  • Alle typar drikkekartong kan delta, ikkje berre mjølkekartongar.

  • For å vinne 100.000 kroner må eit lodd bestå av minst seks tomme og skylte drikkekartongar som blir bretta ned i den sjuande drikkekartongen. Dette utgjer ein kubbe. For skulemjølkkartongar gjeld fire tomme kartongar i den femte.

  • Deltakaren skriv namn og telefonnummer på den dei vil skal vinne på kartongen, og legg denne i den papirdunken. Ein kubbe utgjer eitt lodd.

  • Kartongane blir trekte frå 84 ulike stader i landet. SSR trekker ut to kubbar frå papirhaugen, og sender desse vidare til den nasjonale trekkinga.

  • Fleire opplysningar og lotterireglar finn du på Grønt Punkt, som står bak lotteriet.