Saman tek vi vare på ressursane

Nyhende

Vi bryr oss om dine edle delar

sep 24, 2019, 10:47 f.m. by Andrea Øien Sæverud

Elektriske dingsar inneheld edle metall som det er lite av i verda. Desse kan brukast på nytt når du kastar EE-avfallet ditt på rett plass.

Dei fleste av oss har det liggande i roteskuffa heime, ein gammal mobiltelefon, ein øydelagd ladar eller ei leike som går på batteri men ikkje funkar lenger. 

EE-avfall er alt frå smått skuffefyll til store kjøleskap. Du leverer som privatperson alltid EE-avfall gratis på miljøstasjonen, eller til ein forhandlar som sel liknande produkt. 

Kva er vitsen?

Ved å levere inn gammal elektronikk på rett plass i staden for å kaste det i restavfallet, er du med på å gjere jordkloden (og deg sjølv) ei stor teneste:

1. Du gir dei edle metalla sjansen til å få fleire nye liv, i staden for å gå rett til forbrenning som restavfall. Vi har berre ein jordklode, det kan vere lurt å ta vare på det den gir oss før det er for seint. 

2. Det er mindre forureinande å gjenvinne materiala enn å ta ut nye råstoff frå naturen. Mykje elektronikk inneheld i tillegg sjeldne grunnstoff som er svært forureinande og helseskadeleg for gruvearbeidarar å grave ut.

3. Du unngår at stoffa i EE-avfallet hamnar på avvege, der dei kan skade både menneske, dyr og miljø. 

bilde_8927 av 10 har gull i kommoden

Når det ikkje fins nok resirkulerte material å ta av, må ein hente ut nye råstoff frå naturen. Dagens ressursbruk er ikkje berekraftig. Om vi held fram som no, kan vi gå tom for fleire naturressursar om berre 10 til 30 år. Sju av ti nordmenn har til dømes brukte mobiltelefoner liggande, som blant anna inneheld aluminium, gull, jern og kopar. Sjølv om du ikkje har bruk for mobilen lenger, kanskje fordi skjermen er knust, er det andre som har det.

Urban gruvedrift

I Noreg har vi eit effektivt og godt system for gjenvinning av elektrisk og elektronisk avfall. Privatpersonar kan levere EE-avfall til nærmaste miljøstasjon, eller til butikkar som sel tilsvarande produkt. Har du til dømes ei øydelagd elektrisk leike, kan du levere den tilbake til ein leikebutikkk, sjølv om det ikkje var akkurat der du kjøpte leika.

I sjølve gjenvinningsprosessen blir edle metall henta ut. Andre materialar som blir gjenvunne, kan brukast som råvarer i nye produkt. Når du leverer inn EE-avfall, kan minst 78 prosent av materiala brukast på nytt.

Her kan du sjå meir om kvifor den urbane gruvedrifta vi alle kan bidra til er så viktig. 

 100107_lyslenke_ee_avfall_v4.00_00_00_00.Still011-1200x1200

Små ting, stor skade 

Det er ikkje berre verdifulle material i elektronikken. Både krinskort, litiumbatteri, lyspærer og mobiltelefonar inneheld óg miljøgifter som kan skade menneske, dyr og natur dersom dei ikkje blir behandla på ein forsvarleg måte.

Sjølv små mengder på avvege kan gjere stor skade. Det skal til dømes berre ei teskei kvikksølv til for å forureine ein middels stor innsjø. Trass det, kastar vi store mengder miljøfarleg avfall i restavfallet kvart einaste år. Rundt 7000 tonn EE-avfall hamnar kvart år i restavfallet, noko som tilsvarer 50 millionar iphonar.