Saman tek vi vare på ressursane

Nyhende

Plakatar på norsk, engelsk og litauisk

okt 9, 2019, 11:27 f.m. by Andrea Øien Sæverud

Då ein bedriftseigar spurde oss om korleis han kunne gjere det enklare for utanlandske tilsette å sortere rett, tipsa vi han først om sorteringsguidane våre på ni ulike språk.

Men bedriftseigaren hadde i tillegg behov for store plakatar ved dunkane. Då det viste seg at litauisk var det språket han ønskte seg, blei det lettare enn frykta å hjelpe han.

Litauisk er nemleg morsmålet til vår gode kollega Saulius. Takka vere kjapp omsettingshjelp frå han, er plakatane no klare. 

Kanskje har du ein litauisk kollega, leigebuar eller kompis som også kunne hatt glede av plakatane? Gjerne skriv dei ut, laminer og heng opp. Du finn plakatane her:

Plastemballasje

Papp og papir

Matavfall

Restavfall

litauisk