Saman tek vi vare på ressursane

Nyhende

Endra hentedagar jul/nyttår 2019

des 5, 2019, 09:31 f.m. by Andrea Øien Sæverud

På grunn av heilagdagar endrar vi hentedag i enkelte soner.

Vi hoppar ikkje over nokon hentingar, men flyttar litt på enkelte hentedagar for å få både jula og hjula til å gå rundt. Det kjem både sms-varsel og annonse i avisa når det nærmar seg.

Desse sonene må hugse på å sette ut dunkane på ein annan vekedag enn vanleg:

Sone 7: Tysdag 24/12 blir henta fredag 20/12.
Sone 8: Onsdag 25/12 blir henta laurdag 21/12.
Sone 9: Torsdag 26/12 blir henta laurdag 28/12.
Sone 2: Tysdag 31/12 blir henta måndag 30/12.
Sone 3: Onsdag 1/1 blir henta torsdag 2/1. 

 

Usikker på kva sone du høyrer til i? Trykk her for å finne ut av det.

Og har du lyst til å skrive ut hentekalender for 2020, finn du den her.

Vi anbefaler elles å laste ned gratisappen Min renovasjon, for å få enkel tilgang til hentekalender på mobilen og varsling kvelden før om kva dunkar som skal ut. 

På førehand tusen takk for samarbeidet!

jul2019