Saman tek vi vare på ressursane

Nyhende

Har herøyværingar fleire skjorter og kjolar enn naboane?

feb 24, 2020, 08:56 f.m. by Andrea Øien Sæverud

Eller er dei rett og slett flinkare til å tenke gjenbruk og til å ikkje kaste klede i restavfallet?

Fasiten er uviss. Det som er sikkert, er at Herøy toppar lista blant dei fire SSR-kommunane over kor mykje tekstilar dei sorterte ut og leverte i kleskonteinarane i fjor.

Dei samla tala frå Fretex, UFF og Fileks, som er dei som samlar inn klesplagg og tekstilar i innsamlingsboksar i området vårt, viser at vi i 2019 leverte frå oss 237 tonn tekstilar. Det vil seie ca 9,4 kilo per innbyggjar i snitt i kommunane Hareid, Herøy, Ulstein og Sande. Det er ein liten auke frå 2018, då snittet låg på 9,3 kilo.

Miljøvenlege sandssokningar?

Når ein ser på tala for kvar kommune, ligg Herøy øvst med 10,5 kilo innleverte tekstilar per innbyggjar. Ulstein følgjer tett etter, med 10,1 kilo. I Hareid kommune kom det inn 8,5 kilo per innbyggjar og i Sande 4,9 kilo.

Årsakene til at tala varierer mellom kommunane, kan vere mange. Det kan handle om alt frå tilgang på kleskonteinarar til forbruksvanar og alderssamansetting blant innbyggjarane, eller at ein har levert til gjenbruk andre stader. Ein ting er i alle fall sikkert: Å redusere forbruket og avfallet ditt, også på klesfronten, er bra for jordkloden.

Færre kilo per innbyggjar i Sande kommune treng altså ikkje å bety at dei er dårlege på å levere tekstilar på rett plass. Derimot kan det bety at innbyggjarane er dei mest miljøvenlege av alle, med eit meir berekraftig forbruk og lenger levetid per klesplagg.

Det er noko å trakte etter, sidan klesindustrien er ein klimaversting. Ifølgje ein FN-rapport frå 2019 står nemleg klesindustrien for meir utslepp enn all flytrafikk og sjøfart i verda.

Klede tærer på kloden fretexboks

Å produsere klede krev i tillegg enorme mengder vatn og kjemikaliar. Det går med 1400 liter vatn for å lage ei ny t-skjorte, og ofte skjer produksjonen i land der det allereie er vassmangel.  Derfor er det viktig at vi brukar dei kleda som allereie er produserte så lenge som mogleg, på den eine eller andre måten. Mange er utruleg gode på å arve, gi vekk til bruktbutikkar og hjelpesendingar, eller til å levere ein pose i nærmaste kleskonteinar.

Når du kastar den gamle t-skjorta di i ein kleskonteinar i staden for i restavfallet, bidreg du til at tekstilane får eit nytt liv. Kanskje blir den fullt brukbare kåpa seld i ein Fretex-butikk, den slitne t-skjorta di gjort om til ei matte, eller kanskje blir dongeribuksa di sydd om til eit handlenett.

Kastar du tekstilane i restavfallet, går dei derimot opp i flammar.

Pose på vaskerommet

For å hugse på å sortere ut tekstilane dine, kan det vere lurt å ha ein pose hengande på ein fast plass. Då veit du kvar du skal legge gensaren som har blitt for liten eller buksa som ikkje lenger er brukande. Når posen er fylt opp, tek du han med til din nærmaste kleskonteinar. Her finn du ei oversikt over slike returpunkt.

Hugs at så lenge tekstilane er tørre, så spelar det inga rolle om der er hol i dei eller om dei motemessig er utgått på dato. Materiala kan framleis brukast om igjen i andre produkt.

PS: Gjenbruk av syntetiske klede er ikkje alltid uproblematisk, då det kan vere ei kjelde til mikroplast. I fjor sommar hadde NRK ein artikkelserie om dette. Noko av det viktigaste du då kan gjere som forbrukar, er å vere medviten om kva materiale plagga du kjøper er laga av. Å levere inn klede til gjenbruk er vel og bra, men samtidig er det lurt å sjå på heilskapen i forbruket sitt, både når det gjeld mengd, opphav og kvalitet.