Saman tek vi vare på ressursane

Kva skal du sortere?

Asbest og eternitt

Du kan levere asbest og eternitt til miljøstasjonen vår i Saunesmarka mellom klokka 10.00 og 15.00. Ring og avtal før du kjem, slik at vi er sikre på at vi har ein ledig person som kan hjelpe deg med å laste av med truck. Asbest og eternitt må pakkast forsvarleg før levering på grunn av det miljøfarlege støvet.

Asbesten/eternitten skal pakkast på Europallar i to lag med plast (tjukkelse 0,2 mm bygningsplast). Det skal vere plast også under og over eternittplatene, slik at dei er heilt innkapsla. Legg derfor plast på pallen før du startar å stable. Plasten må teipast godt igjen slik at støv ikkje kjem ut, og alle skøytar teipast godt. Hugs å ikkje stable for høgt på pallen, og at eternitten/asbesten ikkje skal stikke utanfor pallen den er pakka på. Vi har også spesialtilpassa posar for asbest og eternitt som du kan nytte i staden for plast. Desse får du kjøpt for kr 495 per stykk på miljøstasjonen. Posane rommar 1m3.

Vi gjer oppmerksam på at ein ikkje kan levere asbest/eternitt på Mjølstadneset eller i Myklebustmyrane.

Asbest og eternitt

Ja

  • Forsvarleg pakka Asbest og Eternitt

Nei

  • Anna avfall som ikkje er asbest eller eternitt
  • Asbest og eternitt som ikkje er forsvarleg pakka