Saman tek vi vare på ressursane

Kva skal du sortere?

Hageavfall

Du kan levere hageavfall på miljøstasjonen på Mjølstadneset (Herøy), Myklebustmyrane (Sande) og på greinavfallsplassen på Eidet (Hareid og Ulstein). Når greinavfallsplassen ikkje er open, kan du levere hageavfall på miljøstasjonen i Saunesmarka i opningstid (til dømes om vinteren). For opningstider, sjå her.

Gras, blad, greiner og stammar inntil 25 cm i diameter kan privatkundar levere kostnadsfritt. Firmabilar, lastebilar og traktorar blir rekna som næringskundar og av desse er vi plikta til å ta betalt frå første kilo.

Greiner og trestammar over 25 cm i diameter, røter, gråmasse (mold, aur, småstein, grus, sand og blanda hageavfall) kostar kr 1,25 per kilo frå fyrste kilo. Næring kan ikkje levere røter og gråmasse. Vi ber næringskundar ta kontakt med ein entreprenør som kan ta hand om denne type avfall.

Hageavfall

Ja

  • Gras
  • Greiner
  • Lauv
  • Mose
  • Nedfallsfrukt

Nei

  • Blanda gras og greiner (mot betaling)
  • Røter (mot betaling)
  • Steinar (mot betaling)
  • Trestammar (over 25 cm i diameter mot betaling)
  • Treverk og treplankar