Saman tek vi vare på ressursane
mor og son med dunkar

Bestille eller endre abonnement

Du kan velje mellom ulike abonnement alt etter kor mykje avfall husstanden din har:

Standardabonnement: kr 4.086,-
240 l blå papirdunk, 140 l grøn restavfallsdunk, 140 l grå matavfallsdunk med brunt lok.
Henting av papir, plast og restavfall kvar 4. veke, henting av matavfall kvar 14. dag. 



Redusert abonnement: kr 3.819,-
80 l blå papirdunk, 80 l grøn restavfallsdunk, 80 l grå matavfallsdunk med brunt lok.
Henting av papir, plast og restavfall kvar 4. veke, henting av matavfall kvar 14. dag. 


Delt abonnement (fleire husstandar deler dunkar): kr 3.552,- per husstand
Døme på to husstandar som deler:


240 l blå papirdunk, 240 l grøn restavfallsdunk, 140 / 240 l grå matavfallsdunk med brunt lok.
Henting av papir, plast og restavfall kvar 4. veke, henting av matavfall kvar 14. dag. 




Storhushald: kr 4.491,-
240 / 140 l blå papirdunk, 240 l grøn restavfallsdunk, 140 l grå matavfallsdunk med brunt lok.
Henting av papir, plast og restavfall kvar 4. veke, henting av matavfall kvar 14. dag. 




Storhushald XL: kr 4.899,-
240 / 140 l blå papirdunk, 140 l grøn restavfallsdunk, 240 l grå matavfallsdunk med brunt lok.
Henting av papir, plast og restavfall kvar 4. veke, henting av matavfall kvar 14. dag. 




Storhushald XXL: kr 5.304,-
240 / 140 l blå papirdunk, 240 l grøn restavfallsdunk, 240 l grå matavfallsdunk med brunt lok.
Henting av papir, plast og restavfall kvar 4. veke, henting av matavfall kvar 14. dag. 






Dette er den gamle ordninga som gjeld fram til du startar å sortere ut matavfall:
Standardabonnement: kr 4.086,-

240 l blå og 140 l grøn, henting kvar andre veke.


Storhushald: kr 4.491,-

240 l blå og 240 l grøn, henting kvar andre veke.


Redusert abonnement: kr 3.819,-

240 l blå og 140 l grøn, henting kvar fjerde veke.


Anna nyttig prisinformasjon:
Heimekompostering: Kr 513,- i reduksjon pr. år på renovasjonsgebyr uavhengig av type abonnement. (Maks. to hustandar per kompostbinge). Les meir om korleis du kan få fråtrekket her.


Fritidseigedomar: (1/4 av standard): 1.014,-. Dunk, nedgravd løysing eller 12 sekkar.


Ekstrasekkar for restavfall: Pris pr. ekstrasekk: kr 25,-.  Sekkane kan du kjøpe på miljøstasjonen i Saunesmarka, Mjølstadneset eller Myklebustmyrane.


Utskifting av dunkar på løpande abonnement: kr 264,- pr. gong.


Gebyr oppstart nytt abonnement / oppstart av kvilande abonnement: kr 1.060,- pr. gong.

 

Klikk her for å sjå kva tid matavfallsordninga blir innført der du bur.

 

 

Skriv inn namnet ditt

Skriv inn gateadressa di

Skriv inn postnummeret ditt

Skriv inn poststad

Skriv inn gards-og bruksnummer

Kommune

Skriv inn telefonnummeret ditt

Skriv inn e-postadressa di om du har

Ved oppstart av abonnement er der eit eingongsgebyr på kr 1060 (inkl. mva). Dette inkluderer utkøyring av dunkane.

Ved bytte av abonnement og dunkar, tek vi eit gebyr på 264 kr. Ein må rekne med 5-10 dager ventetid på utlevering av dunk.

Endre størrelsen på grønedunken

Eigarskifte

Ved kjøp og sal av bolig, er kjøpar og selgar sjølve ansvarlege for å gjere opp seg i mellom. SSR får automatisk beskjed om endring av eigarforhold når dette er tinglyst i matrikkelen (Kartverkets register over fast eigedom). Dunkar som allereie er utlevert til ein bolig skal ikkje leverast inn sjølv om den som abonnementet står på skal flytte frå boligen eller selge huset. Dunkane skal følgje huset, nye lappar vert automatisk utsendt ved eigarskifte. Dunkar skal kun leverast tilbake til SSR i dei tilfelle der hus skal rivast, der boligar vert permanent fråflytta eller der det blir innvilga fritak for renovasjon.

Søkje fritak?

Du kan søkje fritak for renovasjon om bustaden står tom. Hugs å søkje i god tid (minimum 3 veker før ny termin startar; 1. januar, 1. mai og 1. september). Søknad om fritak skal vere skriftleg, send brev eller e-post. I søknaden skal det kome fram kva eigedom søknaden gjeld og kvifor ein søkjer fritak.