Hytte og fritidseigedom
Ein kan velje mellom eigen dunk, sekkar eller nøkkel til fellesdunkar som står rundt i dei ulike kommunane. Enkelte plassar har vi store containerar til hytteavfall. Fellesdunkane er låste slik at det kun er abonnentane som har tilgang til å kaste avfallet sitt her. Fordelen med å nytte ordninga med fellesdunk er at ein er fleksibel til å kaste avfallet når ein forlet fritidseigedomen, og slepp å vere der på tømedagen for å trille dunken ned til vegen.
Alle fritidseigedomar som er alminnelig tilgjengeleg skal omfattast av renovasjonsordninga.
For å få nøkkel/tilgong til fellesdunkane må ein vere registrert med fritidsabonnement hjå SSR og får nøkkel/tilgong ved å henvende seg i administrasjonen mellom 08.30 og 15.30 på kvardagar.
Eit fritidsabonnement kostar kroner 1.014,- inkludert mva. per år.
Oversikt over fellesdunkar
I det interaktive kartet under finn du alle hytterenovasjonspunkta våre.
Bestem størrelsen på kartet under ved å trykke på pluss og minus-knappen til venstre. Du kan også velge di kommune, eller søke i søke-feltet.
Punkta med hytterenovasjonsdunk er merka med ein lys-grøn "knapp" med bokstaven H.
Sande kommune
- Kvamsøy (nedgravd avfallsløysing bak Coop Marked Kvamsøy)
-
Sandsøy (nedgravd avfallsløysing ved Voksa fergekai)
- Gursken Matsenter
- Larsnes (nedgrave avfallsløysing ved Larsnes Auto/Johansen Auto/Meca)
- Coop Gjerdsvika (nedgravd avfallsløysing)
Herøy kommune
- Nærøya
- Pekas/Kiwi - Myrvåg
- Nerlandsøy - Handelshuset
- Coop Moltu
Dunken som sto ved Coop Tjørvåg er fjerna, og brev til hytteabonnentar i dette området sendt ut med informasjon vedrørande dette.
Ulstein kommune
-
Eiksund - Håheim
- Eiksund fergekai
- Eiksund - Eika
Hareid kommune
- Hjørungavåg (ved Total Bygg)
- Dunken for fritidseigedommar som sto ved pumpestasjonen ved Bjåstad, Røysetvegen, er no flytta. Ny standplass for denne er på parkeringsplassen ved Holesanden.