Saman tek vi vare på ressursane

Kompostering

Om du ønsker å kompostere får du eit fråtrekk på renovasjonsgebyret på kr. 513,- pr. år. Fråtrekket vil vere fordelt på dei tre terminane som er 1. januar, 1. mai og 1. september kvar år. Alle som vil kompostere må signere ein avtale med SSR. Avtalen kan du laste ned her: Avtale om heimekompostering. Vi hentar inn matavfallsdunken til abonnentar som skriv under på kompostavtale. 

Kom gjerne innom administrasjonen i Saunesmarka for signering, eller send signert avtale per e-post til oss.

Foto. Glad gut leiker med jord.

Utstyr

Den som ønskjer å kompostere må sjølv skaffe seg kompostbinge. I tillegg til binge, treng ein strø til å ha over det organiske avfallet. Dette kan ein få kjøpe hjå ulike aktørar som tildømes Felleskjøpet og Plantasjen. To husstandar kan gå saman om å kjøpe ein binge, begge vil få reduksjon på renovasjonsgebyret.

Foto. Gut med gulrot.