Saman tek vi vare på ressursane

Tom for plastemballasjesekkar?

Når du er tom for plastsekkar, kan du knyte ein plastpose på papirdunken din.
Dette er ein beskjed til renovatøren om at du treng nye sekkar. Ho eller han vil då legge igjen ein rull med plastemballasjesekkar til deg. Dersom du treng to rullar, knyter du to posar på dunken din.

Hugs å fjerne posen når du har fått nye sekkar!

På enkelte ruter er det mange som har behov for rullar, og renovatørane kan derfor gå tomme på vegen.
La posen vere på til du har fått utdelt rullen/rullane.

Du kan også gjerne kome innom ein av miljøstasjonane våre for å hente deg ein ny rull.

 

IMG_1976

plastemballasjesekk