Miljøstasjonane til SSR
Det avfallet du ikkje får henta, kan du levere på ein av våre miljøstasjonar. Klikk her for å sjå kva du kan levere gratis og kva du må betale for. Lista gjeld berre for hushaldningskundar. Du kan betale med bankkort på alle SSR sin betjente miljøstasjonar. På lokalmottaka i Herøy og Sande har vi ikkje vekslepengar, men du kan betale med akkurat beløp eller kort.
Næringskundar må ha fullmakt for levering av avfall mot ettersending av faktura; dette må ordnast på førehand før ein skal levere avfall. Sjå eiga side med skjema her. Næring kan også betale med kort på staden dersom dette er ynskjeleg (om ei bedrift berre ynskjer å betale med kort på staden, treng ein ikkje fullmakt).
NB: Ein kan berre levere asbest/eternitt på miljøstasjonen i Saunesmarka, ikkje i Myklebustmyrane eller Mjølstadneset. Sjå informasjon vedrørande korrekt pakking av asbest/eternitt her.
Vi oppmodar alle om å levere brukbare gjenstandar som møblar, lampar, bøker og liknande til bruktbutikkar, loppemarknadar, eller annonserast på bytte-kjøp-salg sider på internett.