Saman tek vi vare på ressursane

Ryddeaksjonar

jente som rydder strand

Strandrydding

SSR tek imot strandryddeavfall gratis gjennom heile året. For å kunne levere gratis:

1. Hent tileigna blanke sekkar og skjema på ein av våre miljøstasjonar eller på servicetorget i kommunen din.

2. Lever avfallet som du har rydda på ein av våre miljøstasjonar i opningstid. Saman med avfallet leverer du ferdig utfylt skjema.

Skjema finn du også her.

Om du ikkje har høve å levere avfallet til ein miljøstasjon, kan vi hente ryddeavfall mandag 8. mai etter bestilling. Bestilling av henting til Linn Urke Osnes på linn@reinhaldsverket.no eller 70007050 innan torsdag 4. mai.

17. mai rydding

I år er ryddeperioden for 17. mai-rydding 21. april - 8. mai. I denne perioden kan ein levere ryddeavfall frå gater, vegar, fellesområde gratis til ein av SSR sine miljøstasjonar.

Det skal nyttast raude sekkar til 17. mai-rydding. Desse kan du få på ein av våre miljøstasjonar samt på servicetorget i kommunen din i perioden.

Om du ikkje har høve å levere avfallet til ein miljøstasjon, kan vi hente ryddeavfall mandag 8. mai etter bestilling. Bestilling av henting til Linn Urke Osnes på linn@reinhaldsverket.no eller 70007050 innan torsdag 4. mai.

Takk for at du bidreg til eit betre miljø!

 

Strandryddedagen lokalt 2017

Det var eit enormt engasjement for å rydde strender i Hareid, Ulstein, Sande og Herøy i 2017 og det vart samla inn heile 29,74 tonn med marint avfall! Det er nesten seks gongar så mykje som året før.

Det er svært gledeleg at så mange bidreg i miljødugnaden og er med å rydde. SSR har registrert om lag 50 strandryddeaksjonar og i tillegg kjem fleire aksjonar som ikkje er registrert. Både privatpersonar, barnehagar, skular, verksemder, lag og organisasjonar har vore med på ryddedugnaden.

SSR takkar alle involverte for innsatsen og inviterer til ny dugnad våren 2018!

Grovavfall på Kvamsøy og Sandsøy

Kvar vår har vi innhenting av grovavfall på Kvamsøy og Sandsøy. Datoar og tidspunkt blir publisert i god tid både på nettsidene, Facebook og i Vestlandsnytt.