Saman tek vi vare på ressursane

Gjenbruk og ombruk

Mykje av det vi kastar kan få nytt liv gjennom gjenbruk og ombruk. Heldigvis har vi blitt mykje flinkare å selge, bytte og gi vekk klede, sportsutstyr, møblar m.m. Ved å bruke nettsider og sosiale mediar, er det lett å omsette og kjøpe brukte varer. Noko som ikkje lenger har verdi for deg, kan vere ein skatt for andre!

Ombruk har også blitt meir populært, og stadig fleire ser verdien av å lage noko nytt av noko brukt. Redesign av klede og møblar er i vinden som aldri før og det er berre å hente tips frå bloggar og nettsider eller la kreativiteten få blomstre fritt!

Lever kle og tekstilar til gjenbruk

Å produsere kle er ressurskrevjande. Difor er det best for miljøet at du brukar tekstilane dine så lenge du kan og reparerer om det er mogleg. Når du ikkje ønsker å bruke tekstilane dine lenger, leverer du det som er heilt, reint og tørt til gjenbruk i ei av dei mange innsamlingsboksene der du bur. Det er ei gåve til innsamlarane og til miljøet!

Tekstilinnsamlarane samlar inn fleire tonn med testiler kvar dag. For å gjere det enkelt å gi, har aktørane gått saman om Tekstilaksjonen, ein hugseregel som skal gjere det lettare for deg å vite kva du kan levere til innsamling. Du treng berre hugse desse tre orda: heilt, reint og tørt.

 

HEILT

Det du leverer skal vere heilt. Eksempel på det som ikkje kan leggast i innsamlingsboksene er:

  • Øydelagde og utslitne kle
  • Syntetiske kle med nuppar
  • Kle som har øydelagt passform
  • Kle med store hol som ikkje kan reparerast.

REINT

Det du leverer skal vere reint og ikkje brukt. Tekstilane må vere vaska. Eksempel på kva som ikkje skal i innsamlingsboksene er:

  • Brukt undertøy
  • Kle og tekstilar med sterk lukt. Det kan smitte over på anna tøy.
  • Kle og tekstilar med flekkar som ikkje gjeng vekk i vask.

TØRT

Det du leverer skal vere tørt. Om du legg fuktige tekstilar i innsamlingsboksa vil fukt smitte over og øydelegge andre tekstilar. Unngå derfor å setje det du skal donere på ein fuktig eller våt stad over lengre tid før du leverer til innsamling. 

  • Sikre at alle tekstilane du leverer er tørre
  • Ikkje sett posen utandørs eller ein stad kor det er veldig fuktig.

 

Kvar er din nærmaste kleskonteinar?

På lenkene under finn du interaktive kart frå Fretex, Fileks og UFF. Her finn du oppdatert informasjon om kvar dei ulike aktørane har plassert sine kleskonteinarar. 

UFF - fra folk til folk

Fileks - gje det vidare

Fretex - Frelsesarmeen

 

Fotografi, viser klær som henger på kleshenger
tilsette ved brukt og billig Hareid

Bruktbutikkar i nærområdet

Vi har mange flotte bruktbutikkar i nærområdet, og hyggelege og hjelpsomme tilsette hjelper deg å finne fram til skattane! Butikkane tek imot fine brukte ting i opningstid. Dei ønskjer ikkje at folk set frå seg ting og møblar utanfor butikken utanfor opningstid. Butikkane tek ikkje imot sko og klede. Brukte sko og klede kan du levere i ein Fretex, Fileks eller UFF-container.

NMS gjenbruk Myrvåg

Dragsundvegen 6, 6080 GURSKØY
Telefon: 40445417
Du finn butikken i lokala til Sunnmøre Flissenter.
Kontaktperson: Edith Leinebø, tlf. 46763231
Facebook: NMS Gjenbruk Myrvåg

NMS gjenbruk Ulsteinvik

Sjøgata 13
6065 ULSTEINVIK
Telefon: 45875016
Kontaktperson: Anne Marie Hopland
Facebook: NMS Gjenbruk Ulsteinvik

Minneriet, Herøy

Vågsgata 18
6090 Fosnavåg
Kontaktperson:
Norunn Igesund tlf. 48 33 00 78
eller
Aase Nerem Bø tlf. 46 83 88 10

Brukt & Billig, Hareid

Kjøpmannsgata 65
6060 Hareid
Facebook: Gjenbruk, Brukt og Billig